I 2016 overtok Havstjerna Eiendom bygget Bremanger Fryseri på Igland, og har ombygd delar av det til næringspark.
Med satsinga på Iglandsvik Næringspark skaper vi ein ny arena, der næringsliv og lokalsamfunn spelar på lag. Her, i havgapet på beste utkant på Bremangerlandet, skal vi i fellesskap skape optimisme, vekst og utvikling for framtida. Her er det høgt under taket, og godt med plass og rom for fleire.