Gamle ærverdige Bremanger Fryseri er no blitt Iglandsvik Næringspark – eit nytt
og moderne næringsbygg på beste utkant i Bremanger.
Gamle ærverdige Bremanger Fryseri er no blitt Iglandsvik Næringspark – eit nytt
og moderne næringsbygg på beste utkant i Bremanger.
I det første byggesteget som står klart no, er allereie 10 kontor fylt opp, og blitt arbeidsplass for fleire – både nye og etablerte aktørar.
Iglandsvik Næringspark er ein seriøs og tilpasningsdyktig tilbydar av moderne kontorfasilitetar i Iglandsvik i Bremanger kommune. Iglandsvik og Bremanger har ei stolt historie der maritime og marine næringar har vore grunnsteinen i samfunnet.
Med satsinga på Iglandsvik Næringspark skaper ein her ein ny arena der ein spelar på lag med næringsliv og samfunn. I fellesskap ønskjer ein no å skape optimisme, vekst og utvikling for framtida.
Godt innafor
Iglandsvik Næringspark har alle nødvendige fasilitetar som moderne kontor ønsker seg. Vi nemner bl.a. topp utstyrt møterom, WC og dusj, kjøkken og kantine. Og verdens beste utsikt mot havet og Iglandsvik!
Iglandsvik Næringspark blir viktig for heile Bremanger. Med den nye næringsparken set ein no Iglandsvik på kartet, og signaliserer optimisme tru på vekst og utvikling i regionen.
Og for den som elskar sjø, hav og natur, så får du i bøtter og spann av det akkurat her – der båra bryt rett ved kontorvindua.